Monday, May 29, 2006
Om å lena seg lenge nok til éi side
Her om dagen ytra Kvinnen at i eit land med så mykje pengar og så lågt generelt engasjementsnivå i befolkninga som me har i Norge, kan kven som helst få gjennomslag for kva det enn måtte vera dersom dei berre masar lenge nok.
Det er freistande å gje Kvinnen rett, når me veit at karane på biletet under er blant dei som har klart å kvesta fjordlandskapet i Hardanger for all framtid og bruka 2-3 milliardar kroner i same slengen.
Targeted marketing
Blinde webannonsar, som dukkar opp på avissider med jamne mellomrom, basert på matematiske algoritmar, kan vera artige innimellom. Eksempelvis her, i den usedvanlege samstemtheiten mellom desse to sosialkreasjonistane sitt lesarbrev og annonsen for det sjølvsame lokallaget i FrP på same sida.
Det nye, ansvarlege FrP
Dei to herlege unge mennene i FpU i Troms seier at lesarinnlegget om homofili består av "personlege meiningar", og at det "ikkje er meint å provosera".
Eg bringer følgjande sitat frå Troms Folkeblad:
http://www.folkebladet.no/nyheter/article44068.ece
"HOMOFILI vil vi anse som en sykdom, å homofile burde heller hatt tilbud om psykologisk behandling istedenfor adopsjon, dette for å stoppe " smittebærerne". En slik type sykdom kan få diagnosen " Homsesyka"!"
Legg merke til den snedige og/å-feilen som, på mange måtar, understrekar heilheiten i budskapet deira.
Her har me eit par godbitar til:
"AIDS er mest utbredt blant homser pga. måten hyrdestunden foregår på! Alle vet at AIDS dreper. Er ikke da homofile med på å bidra til død?"
"Så til de som støtter "homsesyka": Hva vil skje om vi alle våkner en dag og alle er homser? Jo, innen en generasjon vil den menneskelige rase være utryddet, grunnet manglende evne til å reprodusere oss selv! Høres homofili så veldig normalt ut da?"
Staute karar, dette her. Det lyser formeleg samfunnsansvar av dei.
Monday, April 17, 2006
Memo.
Ikkje dumt blad.
Ikkje så mykje slitsom høgkultur som Morgenbladet, og ikkje (fullt) så manisk opptekne av å setja dagsorden for ein stor, nasjonal debatt med kvar einaste artikkel.
posted by Multitool | 1:19 PM | 0 comments Ikkje dumt blad.
Ikkje så mykje slitsom høgkultur som Morgenbladet, og ikkje (fullt) så manisk opptekne av å setja dagsorden for ein stor, nasjonal debatt med kvar einaste artikkel.